Elektroniske timelister gir enklare kvardag

Frå og med 2019 vil vi ta i bruk ein elektronisk programvare som gjer din kvardag som bonde/medlem eller som avløysar/tilsett i Storfjord Landbrukstenester litt enklare. Programvara heiter Webtemp og er levert av Websystemer AS. Websystemer AS har utvikla programvara for bemanningsutleige og rekruttering sidan 1995 og den er nytta av medlemslag av Norske Landbrukstenester sidan 2008, noko som gjer programvara særs innkøyrt og trygg for oss å velje.

Denne nye programvara tillet våre tilsette avløysarar å levere timelister elektronisk. Timer kan leverast inn via PC, nettbrett eller via ein App på mobiltelefonen. Medlemane våre får ein link på e-post til å gå inn og eventuellt godkjenne timelista for utlønning i vårt system. Bonden/medlemen får ein eigen kundeportal som han/ho kan logge seg inn på og hente faktura og sjå på sin oppdaterte konto for avløysing.

Vi kjem til å sende ut meir informasjon om denne løysinga til våre tilsette og våre kunder i den næraste framtid.

Sånn ser Appen til Webtemp ut.