Jordbruket sitt krav 2019

Jordbruket sitt krav vart i dag overlevert Landbruks- og matdepartementet.

Når det gjelder velferdsordningar er følgjande saker fremma i kravdokumentet;

  • Auke i satsane ved ferie og fritid på 7,8%. Maksimalt tilskott vil då auke med 6.150 kroner til 84.850 kroner.
  • Maksimal dagsats ved sjukdom må aukast med 200 kroner til 1.870 kroner.
  • Rett på avløysartilskott ved sjukt barn i inntil 365 dagar.
  • Auke i tilskott til landbruksvikar på 10.000 kroner per landbruksvikar.
  • Auke i maksimalbeløp i tidlegpensjonsordninga til 120.000 kroner for einbrukarpensjon, og til 192.000 kroner for tobrukarpensjon.

Det vert i kravet understreka at velferdsordningane er av stor betydning for jordbruksnæringa, og viktig for å ivareta bonden sin helse og velferd. Ei styrking av velferdsordningane er eit godt og målretta rekrutterings- og likestillingstiltak. Velferdsordningane vert prioritert høgt i årets jordbruksoppgjer.

Avsnitta om velferdsordningar i jordbruket sitt krav finn du her.
Heile kravet finn du her.