Meld deg som husdyravløysar!

Landbrukstenestene i Møre og Romsdal samarbeider med kommunane i sitt ansvarsområde om å byggje opp ein reservestyrke for husdyravløysing dersom behovet for ekstramannskap oppstår i samband med Korona-pandemien.

Ordninga fungerer slik:
Dersom du har relevant bakgrunn/praksis innafor landbruk med husdyr, oppmodar vi deg om å melde frå til dine lokale landbrukstenester om at du er tilgjengeleg for oppdrag som avløysar for sjuke bønder. Vi oppmodar om at du ringer eller sender e-post/SMS til:

For kommunane Ålesund, Fjord, Sykkylven, Stranda, Giske og Sula:

Storfjord Landbrukstenester SA
Pb 132, 6211 VALLDAL
Tlf. 909 76 354
E-post: morten.feiring@n-lt.no

For Søre Sunnmøre (eks. Vanylven), Romsdal og Nordmøre (eks. Halsa og Surnadal):

Landbruk Nordvest SA
Fannestrandvegen 63
6415 Molde
Tel. 46424400
E-post: nordvest@nlr.no

For kommunane Surnadal og Heim (Halsa) og Rindal(Trøndelag):

Indre Nordmøre Landbrukstenester
Landbrukshuset
6650 SURNADAL
Tlf: 970 43 128
E-post: indre.nordmore@n-lt.no

For Vanylven:

Vanylven Landbrukstenester
Syvdefjordvegen 504
6140 SYVDE
Tlf: 940 35 906
E-post: anita@vrl.no

Personar med fagleg bakgrunn frå landbruksskule, personar med tidlegare erfaring som avløysar eller som bonde, elevar og andre som er permitterte frå vidaregåande skular/høgskular eller frå ordinær jobb og som har relevant bakgrunn er sjølvsagt svært aktuelle.

Morten Feiring vil gi nærmare informasjon om vilkåra for å ta på seg ein slik jobb.

Matproduksjon er ei samfunnskritisk funksjon. Ved  å ta på seg avløysing er du med på å sikre at vi alle kjem ut av Korona-situasjonen på best mogleg vis.