Webtemp – elektroniske timelister – på plass!

Då kan vi med glede sei at elektroniske timelister (Webtemp) er på plass! Det er no lagt ut lenkjer til pålogging som vil ligge fast i høgre marg her.

Tilsette og kundar vil få utsendt påloggingsinformasjon fortløpande. Oppfordrar alle som får invitasjon til å lese seg opp på vedlagt informasjonsskriv og begynne å bruke det nye systemet.

Kort fortalt så vil du som tilsett få tilsendt ein e-post med påloggingsinformasjon. På di side kan du få oversikt over dine oppdrag og heilt enkelt fylle ut dine timelister! I tillegg kan du legge inn din CV, endre personopplysningar og bytte passord.

Du som er kunde/medlem vil på di side kunne:

  • Bekrefte innsendte timelister frå dine tilsette
  • Oversikt over og kan opne fakturaer/kreditnotaer, samt sjå inn- og utbetalingar.
  • Oversikt over oppdrag og muligheit for å forlenge oppdrag.